Er du interessert i å kjøpe tomt i Kleivi næringsparkl?

 

SALGSPROSESS FOR TOMTER I KLEIVI NÆRINGSPARK.

 

  1. Kjøp av tomt i Kleivi næringspark startar vanlegvis ved at kunden melder si interesse overfor næringsparken.
  2. Deretter møtast kjøpar og Kleivi næringspark for å gå gjennom aktuelle tomter.
    Behovet kjøparen har blir diskutert, reguleringsplan og øvrige bestemmelsar blir gjennomgått.
  3. Når kjøpar finn ei tilfredsstillande tomt får kjøparen opsjon og eit førebels tilbod om kjøp av tomt. Reserveringsperioden, som kjøparen bruker til  planlegge bygg på tomta, er vanlegvis 1- 3 månader.
  4. Etter at byggeprosjektet er stadfesta, blir det utarbeidd ein kjøpekontrakt for salget. Etter at semje er oppnådd, blir kontrakten sendt kjøpar for underskrift.
  5. Kjøpekontrakten blir behandla i styret for Kleivi næringspark.
  6. Når kjøpekontrakta er godkjent av styret for Kleivi næringspark, utarbeider kjøpar ein byggesøknad som blir sendt kommunen.
  7. Desse reglane gjeld frå dags dato og skal vurderast på nytt etter at forprosjektet Nye Kleivi – Grøn og sterk er ferdigstilt hausten 2010.

 

Kleivi næringspark vil i samband med søknad om tomt be om følgjande opplysningar:

 

  • Fullstendig namn, adresse og org.nummer/personnummer på tomtekjøpar.
  • Telefonnummer på dagtid.
  • Kva slags verksemd du driv og/eller planlegg å drive.
  • Dagens omsetning og antal sysselsette i bedrifta og evt. planar om utviding.
  • Ditt geografiske marknadsområde (kommunen, regionen, fylket, heile landet, eksport)
  • Kva for areal du ønsker å kjøpe – legg ved kart.
  • Kva skal tomta brukast til? ( type verksemd, storleik på bygg, utelager m.v.)
  • Framdriftsplan ( t.d. planlagt byggestart)
  • Firmaattest at nyare dato må leggjast ved.