Gjenbruksstasjon i Kleivi.

 
Regionrådet har slutta seg til det opplegget som Hallingdal renovasjon la fram for dei. Det betyr at HR etablerer ein gjenbruksstasjon i tidlegare Jølibygget.
Her vil det etterkvart bli mogleg å få kjøpt brukte gjenstandar som er sett i stand att slik at dei kan brukast vidare. Det kjem frå tid til annan inn mykje til HR som knapt kan seiast å vera søppel, men kasta blir det. No blir slikt teke hand om og sett i stand for nye brukarar.

Det er rekna med atom lag 10 personar kan få jobb i den nye bedrifta, som blir eit samarbeid med Vinn Hallingdal.  Dei skal også ta på seg ulike typer arbeid for andre omkring i Hallingdal.